20150503 104820

Vetle Hardanger

Vetle Hardanger er vår eigen frukt- og bærhage,- ein deilig plass å være. Det er her vi haustar frukt og bær til produksjon av gardsmaten vår og det er her vi tek med gjester for å nyta smak og duft.

Vi opnar Vetle Hardanger for førehandstinga grupper. Vi har omvisning og smakar på og fortel om kva vi har planta og kva vi produserar av alt som veks i parken. Ei omvisning med smaksprøvar vert gjerne avslutta med eit hyggelig måltid enten ute, om været tillet det, eller inne i gardsrestauranten. Ta kontakt for meir informasjon og priser.
Året i Vetle Hardanger
I Vetle Hardanger er det noko som skjer mest heile året. I januar/februar klipper vi frukttrær. I mars/april sår vi blome, urte og grønnsaksfrø direkte i jorda. Vi ryddar og steller klart til vår. Den vakre fruktbløminga i mai med eit yrande liv av ivrige homler og insekt er ei fantastisk tid. På sommaren plukkar vi inn bær og lagar smakfulle geleer, syltetøy, saft og mykje anna godt. Utover hausten er det frukta som står for tur til å bli innhausta: epler, pærer og plommer. Etter innhaustinga er det rydding og klargjering for vinter som gjeld i Vetle Hardanger.