Våre høgkomforts gjestehytter ligg like i sjøkanten med storslegen panorama utover vakre Bjørnefjorden.
Enten du lyttar til bølgeskvulp i ein god stol på terrassen eller nyt knitrande peiseld under eit ullpledd i stova tør me lova ei befriande kjensle av ro og stille. Dei store stovene i gjestehyttene høver godt til både hygge med gode vener og til arbeidsoppgåver med nære kollegaer. Om ein vil nyte utsikten eller lese ei god bok, vandre i kultur- og naturlandskapet, slappe av med ein badstu eller eit boblebad; vala er mange. Me har pr. i dag overnatting for 22 personer på Eikhaugen Gjestegard, 11 personer i kvar av våre to hytter.