_SIS5304

Historia om Eikhaugen Gjestegard

Garden var Siv sin odelsgard og Arne Richard var kjæresten. Sidan 1991 har vi drive garden saman, i lange og gode dagar.

Siv var den gongen nyutdanna agronom frå Stend i Fana og gartner frå Hjeltnes i Ulvik medan Arne Richard fortsatt var student ved Landbrukshøgskulen på Ås. Frå 1992 til 1999 var det grønnsaks- og bærproduksjon på garden. Vi hadde både sommerkål, brokkoli, rosenkål, blomkål, stangselleri, purre samt jordbær. Vi solgte nesten alt vi produserte til Gartnerhallen, berre litt vart solgt ut gjennom låvedøra til folk som kom forbi.


10. mars i 2000 opna vi dørene til selskapslokala vi hadde brukt 1,5 år på å rydde/bygge i 1. etasjen i den gamle driftsbygningen. Vi hadde open pub kvar fredag og laurdag, med heimelaga pizza ved midnatt.  Vi tok også imot grupper opp til 40 personer som skulle feire noko. Siv hadde starta på kokkeutdanning, tok læretida over 4 år og dreiv garden heime saman med Arne-Richard som no forlengst var ferdig på Ås. I 2002 bygde vi ut gardsrestauranten, slik at vi no kunne ta imot 110 gjester tilsaman. Det vart slutt på pub og pizza og selskap med fleire rettars middag med tilhøyrande drikke tok over aktiviteten. I 2003 var den første store-hytta klar med sine 5 doble rom, i 2005 den andre. Etter nokre år med relativt bratt læringskurve i restaurant/reiselivet har vi dei siste 10 åra hatt ein stø kurs opp og fram! Gardsbutikken sto ferdig i 2007. Gardsmatproduksjonen på garden føregår mest mulig med bruk av eigne råvarer, frukt og bær. 

 Me håpar du finn ein anleding til å besøke oss på Eikhaugen der dei gode historiane set laust, maten er nydelig, stemninga er fantastisk... og det er ikkje så rart,- for det er vi som har dei beste gjestene! Hjartleg velkommen!



 
_SIS7920
Bilder fra Eikhaugen og område kringom.
2013Juni_melkerampe_butikk_bestikk
Melkerampen har ein sentral plass på Eikhaugen, like ved gardsbutikken.
Eikhaugen%20Gard
Oversiktsbilde av Eikhaugen.
2013JuniMelkerampe_og_bestikk
Ta deg tid til ein is eller ein kopp kaffe på melkerampen på Eikhaugen Gjestegard.
20160516_083658
Parti av Vetle Hardanger.
20150505_064323
Bildet er teke like ved Vetle Hardanger. Utsikt over Vinnessundet.