_SIS0188

Aktivitetar

Vakker Vestlandsnatur med fjord, skog og fjell kransar kring Eikhaugen Gjestegard. Dette utgjer ei perfekt ramme for avkopling eller munter hygge, enten du er her med kollegaer, vener eller familie.


Me legg til rette for aktivitetar og opplevingar tilpassa gruppa sine ynskje, storleik og dugleik. Våre mat- og vinkurs, fjordcruise og guida vandring i natur- og kulturlandskapet er spesielt populære. Vår eigen sertifiserte jaktguide kan organisera jakt og jaktopplevingar for dei som er interessert i dette. Ta kontakt god tid på førehand for eit tilbod knytt til jakt og jaktoppleving.
20160510_210432