april03 utsikt fra bogafjell mot os

Guida vandring

Fusa er ein flott stad for deg om du likar å gå på turar i skog og fjell. Kommunen har svært gode turkart over dei mange turstiane, som er godt opparbeida og gradert eller nasjonal standart (kan kjøpast i gardsbutikken).

På Vinnes er det etablert både natursti, kultursti og kyststi, så her kan ein lære eit og anna om nærområdets natur- og kulturhistorie om ein vil. Ein del av eigedomen til EIkhaugen Gjestegard er verna som fuglereservat, og her kan ein sitte i timesvis å kike på det rike fuglelivet på Vinnesleiro. Det er også mykje hjort i området, så om du er litt heldig og sit stille nok kan det hende du får oppleve hjort på nært hold. Ta med kamera!