aktivitetar 01%5b1%5d

Jakt

Hjort er det mykje av i Fusa, - desse flotte dyra treff vi på rett som det er, og dei er blitt eit daglig syn for lokalbefolkninga! Fine haustdagar er som skapt for ein god jaktopplevelse.

På Eikhaugen har vi sertifisert jaktguide som kan ta grupper opp til fire personer med på hjortejakt. Slik får du innsikt i hjortejakta og du får oppleva hjort på nært hold i sitt rette element. Det er ikkje anledning til å sjølv jakte som ein del av dette tilbudet, men vi kan hjelpe til med å etablere kontakt med det lokale jaktlaget som administrerer hjortejakt for gjestejegere. Vår jaktguide kan sjølvsagt leigast inn både i planlegginga og gjennomføringa av jakta dersom gjestejegerene har behov eller lyst til det. Me rår til at jaktaktivitetane vert lagt til eit opphald hos oss som strekk seg over ei helg eller lengre. Som vår gjest bur de da i ei av våre komfortable gjestehytter og graden av sjølvhushald bestemmer de sjølve. Det er anledning til å legge inn eit, fleire eller alle måltida i gardsrestauranten som ein del av heile pakken.