Overnatting

Våre høgkomforts gjestehytter ligg like i sjøkanten med storslegen panorama utover vakre Bjørnefjorden. Enten du lyttar til bølgeskvulp i ein fluktstol på terrassen eller nyt knitrande peiseld under eit ullpledd i stova tør me lova ei befriande kjensle av ro og stille. Dei store stovene i gjestehyttene høver godt til både hygge med gode vener og til arbeidsoppgåver med nære kollegaer. Om ein vil nyte utsikten eller ei god bok, vandre i kultur- og naturlandskapet, slappe av med ein badstu eller eit boblebad; vala er mange, og du blir hjå oss, sjølvsagt, så lenge du måtte ynskje! Me har kapasitet til overnatting for inntil 20 personar og prosjekterar no utviding til 35 personar.