sis5304

Sommarrestaurant på Eikhaugen


Sommerrestaurant på Eikhaugen.
Vi treng å møtes igjen, i små grupper med god avstand i trygge omgivelser. For 21 år sidan når vi starta opp med servering på Eikhaugen hadde vi ope kvar helg, fredag og lørdag. Høgdepunktet for mange var når pizzaen var klar i 23-tida. Vi tenkjer no å ta fram att pizzaen og dei andre enkle og gode smårettane og lage til ein sommerrestaurant. Ein samlingsstad der ein kan ete litt god mat og god drikke, kose seg enten ein vil ha full middag, ein pizza eller litt smårettar eller kanskje ein nysteikt bolle med kaffe. Vi har sitteplassar både inne og ute under tak. Er de ei lita gruppe som vil ut å spise og kose dåke, så ring oss på førehand så reserverer vi bord til dåke. Vi håpar mange vil nytta seg av dette tilbudet til å sjå litt folk igjen. Som vi gler oss til å sjå dåke! Vi startar opp allerede i mai og har desse opningsdagane utover sommaren:

Meny:
3 ulike typer pizza (vegetar, spekeskinke eller kylling). Pris kr 160. Vi har også vår gode delemeny som består av: reketerter, focaccia, aioli, hjortkarbonade, sylta grønnsaker, løvetannsirup, røkt skinke, fruktsalat og grønn salat. Kr 235,- pr person.

Mai:
laurdag 8. mai kl 18-23
onsdag 12. mai kl 18-23
torsdag 13. mai kl 14-20
Juni:
fredag 25. juni kl 18-23
laurdag 26. juni kl 18-23
søndag 27. juni kl 15-20
Juli:
alle fredagar og lørdager kl 18-23
alle søndager kl 15-20
Det vil komme ei endring fyrste helga i juli da vi skal inn med ein konsert.
August:
søndag 1. august kl 18-23
laurdag 7. august kl 18-23
søndag 8. august kl 15-20
Det kan koma endringar så sjekk alltid oppdatert info på vår heimeside www.eikhaugen.no før du kjem på besøk.