Gardsbutikk

I november 2008 opna me gardsbutikken vår her på Eikhaugen Gjestegard. Her er sal av gardens eigne produkt samt eit eksklusivt utval frå nokre av produsentane som ein finn igjen på spisekartet i gardsrestauranten. Store og små matsuvenirar er særs ettertrakta, enten som minne, gåve eller til eiga bruk og glede. Spesielt det å kunne handle unike og velsmakande julegåver har blitt særs populært.  Her er syltetøy, saft, urter, sirupar, oljar og eddikar, frisk og hermetisert frukt og bær i ei rekkje ulike variantar. I bær- og fruktsesongen kan me tilby ferske morellar, plommar og ei rekkje bær frå gardens eigen frukt- og bærhage. Fredag og laurdag i sumarsesongen har me nybaka valnøtt- og urtebrød og dei etterkvart “verdskjende” bollane, “Sommar Skilling”. Me tilbyr og lokale ostar, eplemostar og diverse kjøtprodukt. Tilknytt gardsbutikken vil det verte opparbeid ein sansehage med blomar og urter, bord og benkar. Sansehagen vil verte ein kjærkomen plass for å ta ein kort pause frå ein travel kvardag eller eit stramt kurs- eller seminarprogram for våre kursgjestar.

Butikken er i hovudsak sesongopen: I tida fram mot jul har med ope laurdagar kl. 1000- 1400 og  me opnar julebutikken laurdag 26.nov. Me gjer merksam på at opningstidene kan verte endra på kort tid, så vær venleg å ring på førehand om du har eit stykke veg å reise til oss. Velkommen innom!