banner_cc
rom_frokost_AdobeStock_89389589

Chateau Castelrey

Chateau Castelrey er eit nydelig bygg, omlag 200 år gamalt. Det er alt vi berre kan drømme om: nydelige detaljer både inne og ute. Romantisk og flott! Sjølve slottet er på 700 m2 og er i 2 etasjer. I 2 etasje har vi 4 suiter og 3 soverom. I 1 etasje er det 2 suiter, den eine har direkte utgang til hagen. Ellers er det ein fleire salonger/stuer og rom for mottakelser. Det er ein vakker terrasse like utenfor salongene som ein kan rusle ut til via de flotte franske dørene.

Bassenget og området ved er pent laget til med eksklusive solsenger og alt ein treng for å nyte nokre timer i sola. Bassengområdet er vakkert kransa inn og er avskjerma med beplantning, ein liten oase, så nydelig, så fredfullt! Bassenghuset har innlagt vann, toalett og dusj. Der er også eit kjøleskap med forfrikninger. Her skal det nytes!

Portnerboligen er eit sjarmerende steinhus,- den typen som vi ser for oss og er typisk fransk. Her er det 2 doble soverom, bad, kjøkken og stue/spisestue, alt på eit plan. Ein liten balkong og ein eigen liten privat uteplass.

Gartnerhuset er eit anna sjarmerende steinhus, bygd i 2 etasjar. Det inneheld 2 doble soverom, bad, kjøkken og stue/spisekrok.

Vi har fleire uthus til ymse bruk, nokon av dei .er klare til bruk medan andre skal vi jobbe litt med. Vi gleder oss,- her er det mange skattar som vi skal avdekke litt etter litt.

Slottet er plasserte midt på eigedommen , vakkert omkransa av dei øvrige husa. Den romantiske hagen med flotte hagerom, beplantningar av duftande blomar og trær, sjarmerande stiar må nytast i fulle og lange drag. Dette er eit skikkelig "klyp meg i armen-eventyr"!

 
frokost_brett_AdobeStock_121498987
Plass til tekst
bad_ill4_AdobeStock_87072206
Plass til tekst
bad_barber_ill_AdobeStock_99766562
Plass til tekst
lavendel_AdobeStock_55327255
Plass til tekst