Aktivitetar
Vakker Vestlandsnatur med fjord, skog og fjell kransar kring Eikhaugen Gjestegard. Dette utgjer ein perfekt ramme for avkopling eller munter hygge, enten du er her med kollegaer, vener eller familie.
Sumarkonsertane 2011: Me vil i sumar arrangere intimkonsertar med internasjonlt kjende artistar på “Høyloftet”.
09.juli: Njål Vindenes (gitar): Solokonsert med klassiske stykke fra Latinamerika og Sør-Europa.
23. juli: Ole Amund Gjersvik (bass) og Tore Thorsen (gitar): Melodisk og stemningsfull jazz.
06.aug.: Tor Jaran Apold (fiolin) og Bergmund Skaslien (bratsj): Variasjonar innan klassiske stykke, folketonar og improvisasjonar.
Billettsalet startar 18.mai kl. 1000 per epost og mobil. Betalte billettar vert sendt per post. Inga førehandstinging. Bill.pris: NOK 335; (alle konsertane) inkl. enkel servering. Dørane vert opna kl. 1900 med konsertstart kl. 2000. Unytta billettar vert ikkje refunderte.
Me legg til rette for aktivitetar og opplevingar tilpassa gruppa sine ynskje, storleik og dugleik. Våre mat- og vinkurs, fjordcruise og guida vandring og skattejakt med GPS i natur- og kulturlandskapet er spesielt populære. Padling i skjærgarden og sykling på stille vegar er og ettertrakta aktivitetar. Kajakkar kan du leige hjå oss. Me har motorbåtar i ulik storleik til utleige, og kan organisera fisketurar og ulike vassportaktivitetar og fjordrafting med høgfarts RIB. Vår eigen jaktguide kan organisera jakt og jaktopplevingar for dei som er interessert i dette. Ta kontakt god tid på førehand for eit tilbod knytt til jakt og jaktoppleving.

